Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Elever

Elever

Velkomne til skoleåret 2017 - 2018!

Elever ved kantina

                                                       

Velkomen som elev til Borgund vidaregåande skole!

Velkomen til utdanning,  personleg utvikling og vekst!

På Borgund vidaregåande skole utdannar vi stolte fagfolk for framtida. Du er ein av dei, og vi som arbeider på skolen gler oss til at du skal kome, enten du kjem for første gong eller har gått her tidlegare!

 

Målet med opplæringa er å kvalifisere deg for vaksenlivet, både som yrkesaktiv, samfunnsborgar og som privatperson. Gjennom opplæringa skal de øve på:

- fag, praktisk og teoretisk

- presist oppmøte og levering til rett tidspunkt

- samarbeid med andre for å kunne bli ein god kollega og ein god fagperson

- samarbeid med kundar, brukarar, pasientar og andre de kjem i kontakt med gjennom yrket

 

For å kunne vere ei støtte for deg i læring og utvikling og for at du skal få bruke  evnene dine  best muleg, forventar vi av deg at du er aktiv og spørjande i opplæringa. Ikkje alle dagar vil vere like kjekke, men særleg dei dagane som ikkje er så kjekke, er det viktig å ha som prinsipp at du  møter opp.

 

Lukke til med skoleåret 2017 - 2018!

  

Jessie Strand Fagervoll

rektor