Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Elever > Elevmedvirkning

Elevmedvirkning

Elevmedvirkning

RÅD OG UTVALG 

BASISGRUPPEMØTE/KLASSEMØTE
Basisgruppemøta/klassemøta skal handle om opplæringa og arbeidsmiljøet i klassa. Kvar klasse har basisgruppemøte minst ein gong for veka. Det er kontaktlæraren sitt ansvar å gjennomføre basisgruppemøta, skrive referat og legge det tilgjengeleg i Fronter for elevar og andre lærarar som har gruppa/klassa.

 

ELEVRÅDSARBEIDET
Kvar klasse har plikt til å velje ein tillitselev og ein vararepresentant som skal representere klassa sine interesser i elevrådet. Dersom fleire klasser/basisgrupper innanfor same programområde og på same trinn, vert samde om å velje ein tillitsvald og ein vara, så kan de det. Men de må då i samråd med kontaktlærarane, syte for eit system for god informasjonsflyt. Elevrådet skal arbeide for at læringsmiljøet ved skolen skal bli best mogleg og at elevane skal få ein trygg og god skolekvardag. Elevrådet tek opp saker de som elevar er opptatt av. Elevrådet skal ha ein leiar, ein nestleiar, sekretær, evt. kasserar og styremedlemmer. Elevrådet vel også eit elevrådsstyre - elevrådsstyret har eit tett samarbeid med leiinga på skolen

 

SKOLEUTVAL
Skoleutvalet er eit rådgivande organ for skolen, med spesielt ansvar for kvalitetsarbeidet ved skolen. I skoleutvalet skal det vere to elevrepresentantar. I tillegg har skoleutvalet to eksterne representantar, ein representantar for tilsette, ein representant frå foreldre/føresette og rektor er fylket sin representant.

 

SKOLEMILJØUTVAL
I skolemiljøutvalet tek ein opp saker som handlar om skolemiljøet til elevane. Både det fysiske og det psykososiale skolemiljøet er i fokus. Vi har valt å fokusere meir på det psykososiale sidan AMU (sjå under) tek føre seg det fysiske arbeidsmiljøet for elevane. Elevane er i fleirtal i skolemiljøutvalet.

 

AMU - ARBEIDSMILJØUTVALET
Her sit avdelingsverneomboda frå alle avdelingar, hovudverneombod på skolen, bedriftshelsetenesta, elevrepresentantar og representantar frå skoleleiinga. I AMU tek ein opp saker som handlar om det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet for tilsette og elevar. 

Dokument

Elevhandbok 2018 - 2019
PDF-dokument - 1,65 MB