Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Elever > Informasjon for elever

Informasjon for elever

Elever samlet

MÅLFORM
Borgund vgs nyttar både nynorsk og bokmål, noko du også ser på denne nettsida, nokre artikklar er på bokmål og andre på nynorsk. Skolen rår elevane til å halde fram med den målforma dei har hatt tidlegare og er vande med. 

GARDEROBESKAP
Alle elevar må kjøpe hengelås med kodelås til garderobeskap.

KJELDESORTERING
Borgund vgs er miljøfyrtårn – alle er pålagde å sortere søppelet og bruke dei rette bossbøttene.

INFORMASJON
Elevane må halde seg informert gjennom Fronter (dagleg), oppslagstavler og informasjonsskjermar.

LEGITIMASJON
Elevar og tilsette skal ha ID (identifikasjons)-kort med bilete. Det vert fotografering av alle ved skolen rett etter skolestart. ID-kortet skal vere synleg på skolen og andre opplæringsarenaer. Det skal vere lett å sjå kven du er, lue og hette er difor ikkje ønska i fellesareala.

LÅN OG STIPEND
Alle elevar tatt inn med ungdomsrett, skal bruke inntakskoden på Vigo for å søkje gjennom Lånekassa si nettside http://lanekassen.no/

SKOLESKYSS
For å få rett på gratis skoleskyss, må avstanden mellom heim og skole vere minimum 6 km. Bruk fylket sin link for å berekne avstanden: http://skoleskyss.stfk.no/  Elevar som har rett på gratis skyss får utdelt reisebevis. Sjå meir om skoleskyss på fylket sin nettside: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Samferdsel/Skoleskyss

UTSTYR OG LÆREMIDDEL
Bærbar PC er obligatorisk for alle elevar, og den skal vere på plass ved skolestart. http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/PC-ordninga. Sjå meir om utstyr og læremiddel i brev ved skolestart.

HMS - ELEVHANDBOK
Det er utarbeidd ei eiga handbok for HMS Helse, miljø og sikkerheit for elevar. Denne vil du få utdelt ved skolestart. Ver merksam på at skolen har strenge reglar knytt til bruk av arbeidstøy og verneutstyr i praksisundervisninga.

INTERNASJONALISERING
Skolen tilbyr praksis i bedrift i utlandet kvart år. Elevar frå fleire programområde på VG2 og VG3 nivå har mulegheit til å delta. For å kunne vere med, må du som elev vere skikka både fagleg og personleg. Du må ha god åtferd og orden og lite fråvær. Nærare informasjon kjem litt ut på hausten. 

Endringar i forskrift til Opplæringslova hausten 2010 - Foreldresamarbeid

http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/

www.lovdata.no

Dokument

Elevhandbok 2018 - 2019
PDF-dokument - 1,65 MB
HMS elevhandbok
PDF-dokument - 1,97 MB