Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > 2HHS2-elevane invitert på 130-årsjubileum!

2HHS2-elevane invitert på 130-årsjubileum!

Elevane på 2HSS2 – Helseservice- tok oppfordringa frå Sunnmørsposten i haust om å sende ei helsing til avisa sitt 130-årsjubileum no i november.

Som takk for det ville avisa honorere dei 130 beste innslaga med at dei som stod bak vart inviterte til avisa i Røysegata 30. november.  Elevane på 2HSS2 tok utfordringa med stort engasjement og kreativitet og skreiv sangtekst, laga ein dans og videofilm om historia til avisa og sende inn.

Tysdag kom denne gledelege melding frå Sunnmørsposten: «Tusen takk for flott hilsen i anledning vår 130-årsdag. Håper dere har anledning til å ta turen til avishuset i Røysegata fredag 30. november fra kl 12.Vh Kristin Knudsen, Sunnmørsposten»

Sjå filmen her.

Tekst og foto: Atle G. Eliassen