Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Avslutning av skoleåret på lokalitetane 2012

Avslutning av skoleåret på lokalitetane 2012

I tillegg til avslutning i klassene, hadde vi også i år felles formell avslutning av skoleåret på kvar av lokalitetane, Spjelkavik og Ørskog.

På Ørskog var det ein historisk dag, då det var siste dag med elevar i vidaregåande opplæring i bygningane. Dette var vemodig for både elevar og tilsette. Elevane takka for seg med flott Linedance (1RM3 med fleire) og flott duettsong av Elisabeth Hundsnes – 1RM3 (gitar og song) og Kari-Anne Villa – 1HS5 (song). Allsongen viste at det er ein livskraftig elevflokk, der mange skal gå vidare på skole i nybygget på Borgund til hausten.  Rådgivar Kjartan Årdal oppsummerte skoleåret treffsikkert på rim. Elevar med 3 dagar eller mindre i fråvær, fekk i tillegg til kompetansebevisa, utdelt diplom.

I Spjelkavik var elevane samla i Borgundhallen før  møte i klassene. Samlinga vart opna og avslutta med song av Hanne Henriksen Hansen og Alexandra Aas (song og gitar) – begge 1HS3. Årets klasse og årets elev vart kåra. Årets klasse vart 3ELDA1 – dataelektronikar. I klassa har  5 av 12 elevar hadde 0 dagar og 0 timar i fråvær, ytterlegare 3 elevar har 3 dagar eller mindre i fråvær, klassa har eit godt fagleg nivå, alle har God i orden og åtferd og alle har også bestått fagprøven etter 3 år på skole. Årets elev, vart Anette Dale frå VG3 hudpleiefag. Ho har gjennom 3 år eit karaktersnitt på mellom 5,5 og 6, under 1% i fråvær og G i orden og åtferd. Totalt på skolen er det inneverande år rekord med talet på elevar med 0 dagar og 0 timar i fråvær – heile 44 elevar mot 22 i 2010. Totalt 135 elevar har 3 dagar eller mindre i fråvær.

Rektors tale begge stadar, handla om det grunnleggande i den enkelte sitt liv – å bli sett. Ho trekte fram tre punkt i talen 1) Å bli sett 2) Å gjere seg sjølv synleg og 3) Det som kan skje når du ser andre og gjer deg sjølv synleg. Med setninga frå ”Blir man ikkje sett er man ingenting” frå songen To hjerter og en sjel av CC Cowboys, peika rektor på at dette er sant same kor gamal ein er. Alle treng å bli sett. Rektor håpa alle kvar enkelt av elevane har følt seg sett dette skoleåret på Borgund vidaregåande skole. Men det å bli vaksen handlar også om ei forplikting til å gjere seg sjølv synleg – som å ta på refleks når ein går ut når det er mørkt – og å sjå andre. Ei dame som på ein fantastisk måte både såg andre sine behov for demokrati og nekta å vere usynleg både på vegne av folket sitt og seg sjølv, er Aung San Suu Kiy – nobels fredsprisvinnar frå 1991. Vi er heldige som bur i eit land, der demokratiet er ein sjølvfylgje, der lovverket med bl.a Opplæringslova er bygt opp for at du skal bli sett og med ei forventning om at du skal ta del i samfunnet med meiningane dine. Rektor håpa at den enkelte elev vil ta del i samfunnet med å sjå andre, seie meiningane sine og arbeide for openheit slik at f.eks 22. juli aldri skal bli mogeleg igjen.

I Borgundhallen, vart allsongen Barn av regnbuen, akkompagnert med Sigurd Eriksen på piano og Alexandra Aas Vestre på gitar. Forsongarar var Audhild Haddal og Terese Aarsund Myklebust. På Ørskog akkompagnerte Elisabeth Hundsnes på gitar.

Alexandra og Hanne1
Borgundhallen 2
Borgundhallen og Jessie
Borgundhallen5
årestsklasse 3ELD1
åretselev Anette Dale
Elevrådstyre1
Tillitsvalgtelever
sang Barn av regnbuen
avd Ørksog elever1
avd Ørskog elever
Linedanse
sang ørskog
diplom utdeling ørskog