Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Avslutning på Bygg- og anleggsteknikk

Avslutning på Bygg- og anleggsteknikk

Torsdag var siste skuledag, og Bygg- og anleggsteknikk avslutta i det store auditoriet.

Hele avdelingen i auditoriet.

Avdeling Bygg- og anleggsteknikk hadde også i år gleda av å dele ut Vestlandshus-stipendet til fem avgangselevar. I kvar VG2-klasse kåra ein "årets avgangselev". Dette stipendet vert tildelt elevar som gjennom utdanningsløpet har lite fråvær, har vist stor interesse for faget, har vist gode haldningar og har ytt ekstra i tilknytning til Bygg- og anleggsteknikk. Dei som fekk stipend i år var Martin Skorge, Johan Andreas Fivelstad, Stian Frøysa, Caroline Ramsvik og Oskar Johan Nordal Vik.

Coop OBS Bygg, avd. Breivika, overraska også dei fem avgangselevane med gåvekort. Det er tydeleg at bransjen verdset elevene på Bygg- og anleggsteknikk og sier at dei er avhengige av gode fagfolk i framtida. Bransjen ønsker å vere med på å motivere elevane til fullføring av den fagutdanningen dei har starta på.

Bygg- og anleggslinja fekk også ei svennekasse for malerfaget fra Flügger Farge, representert ved Pål Rasmussen. Det vert innleia eit samarbeid som i tida framover har som mål å motivere fleire elevar til å satse på målerfaget sidan bransjen har behov for fleire mestere.

God sommar vart ønskt frå Opplæringskontor og tidligare elev. Avslutningsvis vart det vist ein bildepresentasjon som oppsummerte skuleåret 2016-2017. Dette sette elvene stor pris på. Dei fikk sjå seg sjølve, medelever og lærarar i aktivitet på ulike prosjekt og aktivitetar.

Takk for et godt skoleår og GOD SOMMER til alle!

Årets prisvinnere på BA.

Årets prisvinnere på BA.