Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Avslutning på skoleåret 2013/2014

Avslutning på skoleåret 2013/2014

Ei formell avslutning i Borgundhallen før elevane møtast i klasseromma. 

Rektor med dagens tale

Det var ingen innslag av elevar i år, så samlinga vart åpna av rektor med tale til elevene. Kva har skjedd på Borgund Vgs i år, har skoleåret innfridd forventningane dine? Det skal godt gjerast at skolen har innfridd forventningane til 940 elevar, men eg håpar verkeleg at alle kan sei: Eg har lært noko i år!

På delingsdagen 19. juni fekk vi sjå mange flotte presentasjonar - mange delte med oss kva dei har lært i år. Rektor er ikkje i tvil om at desse elevane har lært kjempemasse og vil bli svært dyktige fagfolk, Borgund Vgs tek mål av seg til å utdanne "Fagfolk for framtida".  Politikarar våre er bekymra for at for få ungdomar vel yrkesfag, og Norge treng fleire fagarbeidarar og lærligar for å sikre kunnskapen i det norske næringslivet.

Vi hadde også besøk av byggebransjen representert ved Vestlandshus og dagleg leiar Dagfinn Helsem, som feira 40 år og ville gi ei gåve til avdelinga for Bygg- og anleggsteknikk.

Årets klasse, årets elev og årets HMS elev vart kåra . Det var fleire klassar med eit godt standpunkts - og eksamensresultat og lite fråvær, men klassa som gikk av med sigeren med eit gjennomsnittleg fråvær i løpet av året på 1,64% og eit fantastisk fagleg resultat vart 2BAB2. Årets elev vart Runar Engeseth Andersen i 2ELE1, med eit karaktersnitt på 5,8, lite fråvær og G i orden og åtferd.Totalt i år var det 40 elevar med 0 dagar og 0 timar i fråvær og 186 elevar som hadde mellom 1 time og 3 dagar i fråvær. Eit svært godt resultat.

Årets HMS-elev, ei kåring vi aldri har hatt før, vart tildelt for framragande åtferd i ein kritisk situasjon ved ei ulykke på verkstaden på TIP; Øyvind Vatne Lande i 1TP5. Takk for innsatsen og eit godt HMS forbilde!

Takk til elevrådsstyret, OD og medlemmar i skoleutvalet og skolemiljøutvalet som har gjort ein god jobb.

Rektor les eit dikt av Ragnhild Bakke Waale:

"Fortell med at jeg er noe, at jeg kan noe, at jeg betyr noe. Fortell meg det. Ikke fortell meg det jeg gjorde, eller det jeg kunne gjort, eller det jeg burde eller skulle gjort! Nei, ikke fortell meg det.

Fortell meg heller at jeg er noe, at jeg betyr noe. Fortell meg heller det.

Jeg trenger det, skjønner du. Jeg trenger det så sårt. Jeg trenger en søyle av trygghet å lene meg mot gjennom livet. Jeg trenger det, skjønner du, for det er så værhardt å leve." 

Rektor avsluttar med å sei Lukke til, til deg som skal restarte neste skoleår. Gjer gode Val i sommer slik at du samlar krefter til å byggje eit godt liv for deg sjølv og framtidig familie! 

Elevar frå 2013/2014
Elavar 2013/2014
Årets elev Runar E. Andersen frå 2ELE1

Årets elev Runar E. Andersen frå 2ELE1

Årets HMS elev Øyvind V. Lande

Årets HMS elev Øyvind V. Lande

Årets klasse 2BAB2

Årets klasse 2BAB2

OD, elevrådsstyre, skole- og skolemiljøutvalg

OD, elevrådsstyre, skole- og skolemiljøutvalg