Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Avslutning på skoleåret 2017-2018

Avslutning på skoleåret 2017-2018

Fredag 22. juni var siste skoledag for skoleåret 2017 - 2018, og elevane var først samla i Borgundhallen til avslutning.

Framføring og sang av 2 elevar; Davy Drabløs Parra 2TPKJ og Peerapat Charoensang 2RMKS1. Tusen takk for nydeleg sang!

Årets klasse vart 2DHT1, med lite fråvær og godt samhold. 

Vi har kåra årets elev på kvar avdeling – og her konkurrerer først og fremst VG2 og VG3 elevar. Kriteria er dei same som før – gode karakterar, lite fråvær og G i orden og åtferd:

BA: Sander Veddegjerde Vattøy - 2BAB2

DH: Mathilde Andersen - 3DHIN1

EL: Christer Joakim Teige - 2ELE2

HO: Aslaug Karola Mogstad - 3HSH1

PB: Tonje Tafjord Iversen - 4PBPB1

RM: Mats Olai Søvik - 2RMMA1

TP: Ørjan Leo Westerås - 2TPIT1

Årets elev på heile skolen vart:  Sander Veddegjerde Vattøy 2BAB2 - Gratulerer! 

Årets klasse 2DHT1

Årets klasse - 2DHT1

Årets elevar 2018

Årets elevar 2018

Elevrådsstyret 2017-2018

Litt av elevrådsstyret 2017-2018

sang av elev

sang av elev

Davy Drabløs Parra - 2TPKJ

Davy Drabløs Parra - 2TPKJ

Peerapat Charoensang - 2RMKS1

Peerapat Charoensang - 2RMKS1

Litt frå talen til rektor:

Rektor henta inspirasjon til talen sin frå dei to songane som Davy og Peerapat hadde valt seg som solonummer. Begge hadde valt songar om kjærleik. Rektor var ikkje akkurat opptatt av kjærestekjærleik, men fokuserte på kjærleiken som ei kraft kvar enkelt elev og alle har i seg. Og at det er ei kraft som oppstår i møte med andre menneske. Ho håpte og trudde at den enkelte elev hadde opplevd denne kjærleiken gjennom skoleåret.

 Ho sa: «De har hatt lærarar og fagarbeidarar, rådgivarar, skolevakt, helsesøster og andre som har møtt dykk med tolmod, med velvilje og med å ville deg det beste, med å glede seg over framgangen din, med å ikkje ha gøymt på det vonde, har tålt ein urett enten frå deg eller frå andre elevar. For det er slik kjærleiken er.» Ho viste vidare ein illustrasjon av ei gamal og ei ung dame i same bilete. Kvar vi fokuserer med blikket vårt, avgjer kva vi ser, slik er det med livet og kjærleiken også. Ein må velje å fokusere på kjærleiken om ein skal oppdage krafta i den. Ho sa til slutt: «Vi må bruke kjærleiken vår og den krafta den gir til å seie i frå når det skjer noko som vi veit er gale. Vi må bry oss om kvarandre og ville kvarandre vel.  De er framtida, de skal bygge samfunnet – de kan vere med på å fokusere på kjærleiken slik at den aldri tek slutt, men forblir ei kraft som skaper eit godt miljø her på skolen, seinare gode heimar, gode arbeidsplassar og eit godt samfunn!

Lukke til med å fokusere på kjærleiken!»