Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Avslutning skoleåret 2014/2015

Avslutning skoleåret 2014/2015

Fredag 19. juni var siste skoledag for skoleåret 2014/2015, og alle elevane var samla i Borgundhallen til avslutning.

Lev Vel

Det starta med litt informasjon frå rektor og vi fikk høre nydeleg musikk og song ved Je Hu Biak Lian Sang (2DHI1) og Elisa Kleiva(2DHI1) som framførte "You belong to me".

Byggebransjen representert ved Vestlandshus og dagleg leiar Dagfinn Helsem, ga før sommaren 2014 ei gåve til avdelinga for Bygg- og anleggsteknikk. Avdelingsleiar kan derfor gi eit stipend til ein elev i kvar av byggklassane nokre år framover, som belønning for lite fåvær og god innsats på skolen.

Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene for Møre og Romsdal gjennomførte samman med Borgund Vgs avslutning for elevane ved VG2 anleggsteknikk. Gå inn på www.okab.no eller her 

Rektor oppsummerar deretter om fråvær på skulen, og totalt i år er gjennomsnittleg fråvær på 7,57% - målet vårt er å ha eit fråvær som er under 4%, så vi har eit stykke igjen! Men når det er sagt, så har vi 12 klasser som har under 4% i fråvær inneverande skoleår: 1EL1, 1EL2, 1EL3, 1TP2, 2BAA2, 2BAB3, 2ELA1, 2ELE1, 2ELE2, 3DHIN1, 3ELAU1, 4PB1 –  i tillegg har begge skipselektrikarklassene under 4% fråvær.

43 elevar har 0 dagar og 0 timar i fråvær inneverande år – det er tre elevar meir enn i fjor og tilsvarar 3 klasser. Årets klasse blei 2ELE1 med kun 2,46% i fråvær.

Årets elev gikk i ei av dei klassene som var vurderte til å bli årets klasse, Vinjar Vederhus i 2ELA1. I tillegg til særs gode resultat, hadde han 0 dagar og 0 timar i fråvær både inneverande år og første året. Gratulerer!!!

Frå talen til Rektor;

Kjære elevar, lærlingar og fagarbeidarar!

Då du kom hit i haust, så minte eg om to ordtak som begge handlar om kunnskap: «Kunnskap er ikkje tungt å bere» og «Berre bok gjer ingen klok». Eg håper at du i år har fått kjenne på at når du har øvt og kunnskapen og ferdigheitene er på plass, ja og at det ikkje så tungt å bere på. Eksamensresultata tyder på at kunnskap og ferdigheiter er godt utvikla på skolen i år.

Gjennomsnitts eksamenskarakter i praktiske munnlege fag er: 3,94

Gjennomsnitts eksamenskarakter i munnleg i fellesfaga på skolen er: 4,26 – som rektor er eg difor veldig trygg på at du blir ein av fagfolka for framtida!

Talen hadde og tema etter ei bok av Kjell Markset - LEV VEL, handla om det vi alle er opptatt av, nemleg å ha det bra. I denne boka så seier han noko om kva som skal til for å ha det godt. Og eg er viss på at same kva slags religion eller trusretning du bekjenner deg til eller om du ikkje bekjenner deg til noko som helst, så seier alle ismer og religionar det same – det er viktig å finne balansen FINNE BALANSEN i livet om ein skal LEVE VEL.

Rektor; Kjære deg – eg ønskjer at du skal få eit langt og godt liv – og no står sommaren for døra. GOD SOMMAR!

Je Hu avslutta samlinga med eigen sang "MY PRAYER" - nydelig.

sang av elevar

sang av elevar

Elevar
Årets klasse

Årets klasse

Årets elev

Årets elev

Elevråd 2014-2015

Elevråd 2014-2015

Elevar BA

Elevar BA