Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Besøk av Sigbjørn Johnsen

Besøk av finansminister Sigbjørn Johnsen

Finansminister Sigbjørn Johnsen held foredrag om økonomi.

Ønsker finansmenisteren velkommen

Jessie tek imot finansministeren

"Det er utruleg viktig å få ei utdanning. Landet treng kvar og ein av dykk", sa finansminister Sigbjørn Johnsen som var innom Borgund vgs fredag 30.august og heldt foredrag til elevane om økonomi. "Arbeislivet ber velferden på ryggen. Det er arbeidskrafta som er viktigast for felles goder i landet vårt", sa han vidare. "Olje, fisk, skipsfart osv. gir berre ein del av velstanden vår".

"Landet vårt liknar på eit fotballag. Ein enkeltspelar kan gjere at vi vinn ein kamp, men det er laget som vinn til slutt. Finansdepartementet spurde folk kva som betyr mest for dei i livet. Gode vener, ikkje pengar som toppar lista", sa han.

Generasjonskontrakta stod sentralt i foredraget. Vi er hjelpelause i begge endra av livet, som heilt unge eller gamle. Då treng vi hjelp av andre. Den arbeidande delen av folket finansierer denne hjelpa og held Norge i gang.

Finansministeren svarte til slutt på fleire gode spørsmål frå salen, og han gav gode og forståelege svar, ikkje fylt av faguttrykk og akademisk språk som kunne ha gjort kommunikasjonen dårleg mellom han og elevane.

Elever i auditorium Borgund vgs
Historieboka Borgund vgs
Fullsett auditorium under foredraget
Sigbjørn Johnsen fekk historieboka til Borgund «Fagfolk for framtida» i gåve frå rektor
Diagram
Finansminister i prat med elever
Generasjonskontrakta stod sentralt. Kurve som viser alder på folket i Norge var einaste plansje han brukte.
Tid til ein prat med elever etter foredraget.

 Tekst og foto: Atle Grebstad Eliassen

Sunnmørsposten: "Fikk finansministeren som lærer"