Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Borgund er i gang med VIPprogrammet

Borgund er i gang med VIPprogrammet

Sist torsdag hadde helsesøster oppstartssamling for alle elevane på vg1. Gjennom VIPprogrammet skal elevane lære meir om psykisk helse. Dette er eit samarbeid mellom helsesøstrene på skulen, PPT og Ressursbasen i Ålesund kommune.

I ungdomstida kan ein kjenne ekstra sterkt på mange ting. Det kan vere både fantastisk og tøft å vekse opp og forsøke å finne ut kven ein er. Slik er det for dei fleste. Det er heilt normalt at livet går opp og ned. For mange har det vore ei stor omvelting å begynne på ny skule og kanskje skaffe seg nye vennar... Å ha det vanskeleg er ikkje det same som å vere sjuk, men dersom følelsane du bærer på pregar livet ditt på ein vond måte, er det truleg lurt at du snakkar med nokon. 

Slik står det i elevheftet "Sånn er livet" som elevane får utdelt. Dei skal lære meir om kva psykisk helse er, og korleis ein ev skal få hjelp dersom ein treng det...