Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Elevane hyllar Sunnmørsposten

Elevane hyllar Sunnmørsposten

Elevane i 2HSS2 hyllar 130 åringen Sunnmørsposten!
Sunnmørsposten fyller 130 år, og dette vil avisa feire saman med lesarane sine.

Dette vart elevane på 2HSS2 oppmerksame på og greip straks tak i utfordringa saman med lærarane sine Sissel og Atle. Først skreiv elevane ein hyllest til jubilanten i form av eit sjølvlaga dikt som dei sette tone til. Der hyllar dei avisa og gir eit kort tverrsnitt av historia frå 1892 og fram til i dag.

Det begynner slik: «Sumpen er hundre og tretti år no og kom med første utgave i 1882. Avisen var et organ for venstreparti. Da fikk Olav Sandvig veldig mye å si. Tjue abonnenter i åra som gikk. Annonsene var få, men etter hvert så sa det «klikk». Avisa den blei kjøpt - av Ivar Flem og i to og femti år, så eide han den.» osv. Dei avsluttar slik: «Det er Sunnmørsposten som har bursdag, la oss feire det i lag!

Sangen og dansen vart videofilma og sendt inn til Sunnmørsposten innan fristen 8. november. No ventar dei spent på resultatet av konkurransen.  Dei 130 beste innslaga blir nemleg premiert med invitasjon til jubileumsfeiring i avisa sine lokaler fredag  30. november.

Sjå filmen her.

02_4145_2HSS2_borgundvgs
03_4549_2HSS2_borgund_vgs

Tekst og foto: Atle Grebstad Eliassen