Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Er du permittert eller arbeidsledig?

Er du permittert eller arbeidsledig?

No kan du få gjort ferdig vidaregåande opplæring

Har du gått i vidaregåande opplæring og ikkje fått vitnemål eller tatt fagbrev?  Har du ikkje gått på vidaregåande opplæring, men har lang arbeidspraksis? Om du er blant dei som i tillegg er permittert eller arbeidsledig, tilbyr no Møre og Romsdal fylkeskommune eit opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.

Du kan lese meir om tibudet og melde interesse her.

Det er retta mot dei som manglar fag for å bli ferdige med vidaregåande opplæring. Kanskje du slutta før du var ferdig med skolen eller læretida? Eller kanskje manglar du, eller strauk i eit eller fleire fag, eller ikkje fekk teke fagprøva?

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring. Nå har vi moglegheit å hjelpe fleire med å kome i mål.

Tilbodet er gratis! 

Frist for å sende inn skjemaet er 30. oktober.