Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Fagfolk for framtida ferdast i fjellet.

Fagfolk for framtida fredast i fjellet.

Torsdag i oppstartsveka var alle dei nye elevane på Bygg og anleggsteknikk VG1 på fjelltur saman med lærarane sine i fint seinsommarver. 

Fagfolk for framtida ferdast på fjellet

Med eigne bussar går det kjapt å forflytte 75 elevar i tillegg til eit knippe lærarar med og utan sekk frå skulen og til eigna turterreng. 

 Dei aller fleste starta på stigninga opp mot Langevatnet med friskt mot.  Svært mange var kjappe til beins og var oppe på rekordtid. Mange av elevane imponerte dessutan med å lage og tenne opp fleire bål ved vasskanten før lærarane fekk snudd seg.

Å bli kjende rundt eit bål er ein fin ting. Det kan gjere steget inn i ein ny skule og ei ny klasse overkomeleg for mange.

Takk for ein flott tur elevar og kollegaer på bygg!

Godt skuleår folkens!

Tekst og foto Sissel Ytterland