Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Fin start på skoleåret 2017 - 2018

Fin start på skoleåret 2017 - 2018

Velkomen som elev til Borgund vidaregåande skole

Rektor ønskte alle velkomne til eit nytt skoleår. Nokre er spente på kven ein skal  gå i klasse med, fleire  er sikkert spente på kva dei andre synest om dei. Rektor la vekt på at alle uansett bakgrunn, karakterar, vener eller ikkje vener, seksuell legning, tru eller ikkje tru og ikkje minst korleis ein føler seg, så er den enkelte eit heilt perfekt menneske,  og det er alle dei andre også. «Du er like mykje verd som alle andre, og det er bruk for akkurat deg i samfunnet vårt.»  Likevel er det slik at perfekte menneske kan skuffe oss og såre oss med ord og handlingar. Vi skal ikkje godta negative ord og handlingar, vi må ikkje la dei få definere oss. Hemntankar kan vere nærliggande i slike tilfelle, men dei er øydeleggande. Vi må i staden fokusere på det som er positivt og byggjer oss som menneske. Det betyr ikkje at vi aksepterer andre sine negative handlingar, men at vi vel at dei ikkje skal få definere oss. Vi tilgir ved å bruke energien vår på å bygge oss sjølve trygge, sterke og frie.  Rektor ønskjer at alle elevar gjennom utdanning og danning i faga vi har på skolen skal bli trygge, sterke og frie menneske som får eit godt vaksenliv! 

Lykke til med skoleåret!

Skolestart

Vg1 elevar 2017-2018

Skolestart 2017-2018

Vg2 elevar 2017-2018

Skolestart 2017-2018 1

Vg1 Helse og oppvekst

Skolestart 2017-2018 4

Vg2 Restaurant og matfag

Skolestart 2017-2018 3

Vg1 Elektro

Skolestart 2017-2018 2

Vg2 Teknikk og industriell produksjon

Skolestart 2017-2018 5

Rådgivere, helsesøster og NAV

Skolestart 2017-2018 6

Spente lærarar