Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Flott fest for klubben "Kontakt"

Flott fest for klubben "Kontakt"

Onsdag 17. april inviterte Vg1 Helse- og omsorgsfag klubben «Kontakt» for funksjonshemma til fest på skolen.

Arrangementet starta med velkomsthelsing, pølser med brød og sjokoladekake og drikke. Deretter kunne gjestane vere med på ei omvisning på skolen og fleire underhaldningsinnslag frå både elevane og gjestane. AAFK hadde fått invitasjon, og trass i at laget spelte første kamp i cupen, sende dei to spelarar, Lars Fuhre og Mathias Rasmussen, som hadde med seg ferdigsignerte ark med bilde som dei delte ut til dei funksjonshemma. Dette var veldig populært, og mange av dei funksjonshemma nytta også sjansen til å bli avbilda saman med dei to spelarane. Under siste delen av festen fekk alle danse til fengande og variert musikk.

Arrangementet er ein praktisk del av faget «Prosjekt til fordjupning» .

Lenke til video om festen for funksjonshemma på Youtube.com:http://www.youtube.com/watch?v=e0qUQetsFPI&feature=youtu.be

Tekst og foto:Alte G. Eliassen