Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Første skoledag 2019

Første skoledag 2019

Velkommen til vidaregåande opplæring på Borgund vidaregåande skole

Bilder og litt frå rektor si tale:

Vi som arbeider og går på skolen, representerer eit stort mangfald. Til saman har vi minst 30 morsmål i tillegg til norsk, minst 136 av dykk er fleirspråklege elevar, dvs at de kan fleire språk enn norsk og engelsk. Vi kjem frå alle kommunane kring Ålesund og på VG2 og VG3 frå heile Møre og Romsdal og nokre kjem også frå andre fylke. Det er fordi Borgund vgs har programområde som det er svært få skolar i heile landet som har.

I elevhandboka står det: Velkomen til utdanning og danning, ein god start på vaksenlivet! Det er ikkje utan grunn det står slik. Vi som arbeider her på skolen, er veldig stolte av å kunne utdanne fagfolk som arbeidslivet og samfunnet treng. Vi er også glade for å ha ein jobb der vi får vere i lag med deg som ungdom, for i tillegg til å skulle bli ein dyktig fagperson, så skal du øve deg på vaksenlivet. Du skal meistre gode dagar og dårlege dagar, ikkje berre heilt åleine, men saman med kollegaer som blir medelevane dine. 

Korleis skal ditt liv bli etter i dag? Kvar skal utdanninga di ved Borgund vgs føre deg helst? Kanskje til eit yrke som du veit om, men det kan også vere at utdanninga vil føre deg til yrke som ikkje finst enno. 

Uansett kva som er bak neste sving – i dag er vi her og skal bli kjent med nye medelevar og med nye lærarar. Og for at alle skal ha det godt og tørre å vere nysgjerrig og litt uredde, så må vi ha det trygt! Og kven er det sitt ansvar – ja, det er i alle fall mitt, men eg greier ikkje å gjere det trygt på skolen heilt åleine. Du er også ansvarleg for at medelevane dine og tilsette på skolen har det trygt, at dei har eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Eg og alle som arbeider på skolen, vi er kvarandre sitt arbeidsmiljø og ditt læringsmiljø. På same måten er du læringsmiljøet og arbeidsmiljøet for dine medelevar og lærarar.

Lukke til med å bli kjent med nye medelevar og lærarar og lukke til med skoleåret 2019 – 2020!

Ass rektor skolestart 2019
Rektor tale til vg2
Skolevakt og hybelkontakt
Rådgivere
Vg1 elevar
Vg1 elevar 2
Vg2,3 og 4
Vg2,3 og 4 - 2
Vg2,3 og 4 - 3