Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Foreldremøte på Borgund vgs 2020-2021

Dokument

Foreldremøte på Borgund vgs 2020-2021

Informasjon til og samarbeid med foreldre og føresette skoleåret 2020 - 2021

Borgund vgs

Av smittevernomsyn vert dei felles informasjonsmøta erstatta med digitale presentasjonar: Du finn presentasjonane på skolen si heimeside www.borgund.vgs.no->Foresatte-> Informasjon

I tillegg kan du stille spørsmål/kome med kommentarar på dei tidspunkta foreldremøta skulle vore dvs tysdag den 25. august kl 1730 – 2000 for VG1 og onsdag den 26. august kl 1730 – 2000 for VG2, VG3 og VG4.

For spørsmål og kommentarar: Tlf: 71281202/71281203 Epost: jessie.strand.fagervoll@mrfylke.no eller jorgen.ljosa@mrfylke.no Facebook: melding på facebook.com/borgundvgs/

Vi vil samle opp spørsmåla som er av interesse for fleire og legge dei ut på heimesida

Dersom du som foreldre/føresett ikkje kan gjere deg nytte av dei digitale presentasjonane, tek du kontakt med skolen på tlf 71281200, så vil vi finne ei løysing på det.

Informasjon som blir lagt ut: 

  1. Orientering om skolens organisasjon, pedagogisk arbeid, ordensreglement, fråværsreglement og foreldra sine rettar i samsvar med § 20-4 i forskrift til Opplæringslova v/rektor og ass.rektor
  2. §9a i Opplæringslova om elevane sitt skolemiljø og skolens arbeid mot mobbing og rus.
  3. Presentasjon av leiarane og elevtenesta på skolen
  4. Val av føresettrepresentant til skoleutval og skolemiljøutval
  5. Informasjon om beredskap i høve til Covid-19.

Punkt 4) Val av føresette representant til skoleutval og skolmiljøutval, blir løyst ved at vi trekkjer først lodd om utdanningsprogram og deretter foreldrerepresentant (på VG1) som vi tek telefon til for å spørje om dei kan delta. Om det ikkje høver, trekkjer vi nye.

Innkallinga ligg under dokument.