Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Fylkesmeisterskap TIP 2018

Fylkesmeisterskap TIP 2018

Borgund vidaregåande skole arrangerte Fylkesmeisterskap for TIP 

Onsdag 31.01.18 blei det arrangert fylkesmeisterskap for TIP (teknisk industriell produksjon) på Borgund vgs i kategoriane sveis (TIG og rørtråd), maskinering (dreiing), industrimekanikar (sveise med elektrode, dreie og montere) og bilskade/lakk (sveise, rette og lakke). Vinnarane her tar seg vidare til NM i midten/slutten av april. 20 deltakarar frå 8 skoler rundt om i fylket deltok.

Film frå dagen av Olsi Simoni; https://vimeo.com/254392976 

Det har dei seinare åra blitt satsa på konkurransar for å skape blest om yrkesfag, auke motivasjon og bidra til utvikling av faga. Før jul hadde vi deltakare frå Vg3 Automasjon under VM i Abu Dhabi.

​Årets vinnarar:

Sveisefaget: 1. plass - Jonas Førde, Romsdal vgs.  Her fikk Borgund vgs 3. plass og bronsje med Lukasz Kolasinski

Industrimekanikarfaget: 1. plass - Anton Nautnes, Romsdal vgs. 

Manuell maskinering: 1.plass - Ørjan Westerår, Borgund vgs.

Bilskade, lakk og karosseri: 1. plass - Arve Voll 

Vinnere fylkesmesterskap TIP 2018
Vinner Bilskade, lakk og karosseri
Fylkesmesterskap TP
Fylkesmesterskap TP 2
Fylkesmesterskap TP 3
Fylkesmesterskap TP 2018