Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Hausteksamen 2012

Hausteksamen 2012

Oppmelding til privatisteksamen i Møre og Romsdal er berre nettbasert (web). Det er 10 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal som gjennomfører eksamen for privatistar. Privatistweb er open for oppmelding i perioden 15. august - 15. september 2012.

Oppmelding til hausteksamen 2012 for:

  • Privatistar, lærlingar. 
  • Elevar/lærlingar som har rett til ny, utsett og særskild eksamen
  • Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag Vg3

For informasjon og oppmelding, sjå www.privatistweb.no og www.mrfylke.no.

Det er viktig at du les informasjonen på privatistweb før du melder deg opp.

Skolane vil hjelpe deg med informasjon ut over det du finn på privatistweb.

Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skole enn den du set opp som ditt ønske.

Elevar som skal ha ny, utsett eller særskild prøve melder seg til skolen dei hadde faget ved våren 2012. 

Oppmeldingsfrist: 15. september 2012.

NB! Det er ikkje høve til å melde seg til privatisteksamen etter denne fristen.