Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Helseservice på byvandring

Helseservice på byvandring

Før årets elevar på helseservice møtte opp på Matfestivalen, tok lærarane dei med på eit par timars byvandring rundt i Ålesund.

Helseservice på byvandring

Vandringa viste at langt frå alle var godt kjende i bysentrum, og derfor vart dette eit verdifullt innslag. I Molovegen, der husa overlevde bybrannen i 1904, hadde nesten ingen vore før. Etter å ha sett Molja, gjekk turen opp bytrappene til «strykejarnet», cirka halvveges til Fjellstua. Dei sprekaste sprang like godt opp alle dei 418 trappetrinna. Her fekk dei kort informasjon om bybrannen og fekk vite namna på øyane utanfor Ålesund og anna informasjon. Til slutt vart dei skyssa gratis med buss frå Skateflua til Sunnmørshallen for å sjå Matfestivalen.

Tekst og foto: Atle G. Eliassen