Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Hospitering for 10. klassingar

Dokument

Program for hospitering 2018
DOCX-dokument - 15,09 kB

Hospitering for 10. klassingar

Velkommen til Borgund vidaregåande skole veke 46

Årets 10.-klassingar vert invitert til å prøve ut to programområder ved ein vidaregåande skule no i haust. Søkninga vert gjort på ungdomsskulen, og elevane vert frakta i buss til den skulen dei skal få besøke.

Her på Borgund har vi seks ulike programområder, og du får prøve ut korleis det er å vere elev på vår skule ein heil dag. 

Program:

09:00 felles samling i det store auditoriet med orientering om skolen og korleis det er å være elev i vidaregåande skole

09:30 Informasjon og utprøving av elevoppgåver på Vg1 - verkstad/ kjøkken/ praksisrom 

11:30 Matpause. Då blir det baguette og juice i kantina. Det er det Janne og Grete som ordnar!

Kantina

11:50 Ny runde på skolen med vidare aktivitet på avdelingane

13:20 -14:00 Felles samling i auditoriet Borgund

14:00 - Slutt på hospiteringsdagen. Heimreise til eigen skule.

Klokka 10:30 – 11:30 vert det ei samling for lærarane frå ungdomsskulen, der dei får orientering om skulen, ulike programområder og utdanningsløp.

Dersom det er foreldre som er nysgjerrig på korleis livet på en yrkesretta vidaregågane skule er, må de gjerne kome innom!