Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Hugs å søkje om utstyrsstipend!

Hugs å søkje om utstyrsstipend!

Kva er utstyrsstipend?
Utstyrsstipend er pengar til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel til kalkulator, kokkeklede eller idrettsutstyr.

Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Utstyrsstipendet varierer mellom 910 kroner og 2 910 kroner for heile skoleåret. Kor mykje pengar du får, er avhengig av kva utdanningsprogram du tek, sjå lanekassen.no/utstyrsstipend.

Slik får du pengane frå Lånekassen

  1. Du får opptak til skoleplass og takkar ja.
  2. Du søkjer frå lanekassen.no. eller vigo.no. Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring.
  3. Du følgjer søknaden steg for steg på Dine sider på lanekassen.no.
  4. Du får SMS/e-post når søknaden er ferdigbehandla.
  5. VENT Det tek minst ei veke frå du får svar frå Lånekassen, til du kan hente stipendmeldinga/gjeldsbrevet på skolen.
  6. Du hentar stipendmeldinga/ gjeldsbrevet på skolen. 7. Du skriv under på stipendmeldinga/gjeldsbrevet - dersom du er under 18 år må både du og ein av foreldra dine skrive under.
  7. Du sender stipendmeldinga/gjeldsbrevet tilbake til Lånekassen. Klipp av svarslippen, ikkje send inn heile brevet. Hugs frimerke.
  8. VENT Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får stipendmelding/gjeldsbrev med underskrift frå deg, til pengane er på kontoen din. Hugs at du må stå som eigar av kontoen. 

Visste du at

  • når du sender søknaden, sjekkar Lånekassen automatisk om du kan ha rett til andre stipend i tillegg
  • stipend er pengar du får, og som du ikkje treng å betale tilbake

Følg Lånekassen på Facebook

Lånekassen har ei eiga side på Facebook for deg som er elev på vidaregåande. Sjekk facebook.com/lanekassen.vgs.