Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > I haustferien reiste to elevar til Kenya for å sjå tomta der barnelandsbyen skal byggast

Mia og Hanna i Afrika

Mia (2HSA2) og Hanna (2DHT1) var i Kenya i haustferien, saman med elevar frå Spjelkavik, Haram og Ulstein vgs. Her fekk dei sjå tomta der barnelandsbyen "Malaika Village Childcare" skal byggast. På turen fekk dei også møte små barn i slummen i Nairobi.

Elevrådet bestemte seg i fjor for å bytte ut Operasjon Dagsverk med eit prosjekt ein kunne fylgje over litt lengre tid. Utenfor byen Voi i Kenya er organisasjonen NSP aid i gang med å bygge en barnelandsby for foreldrelause barn. Dei har allereie bora etter vatn, og traséen til det store elefantgjerdet er rydda. Her skal dei få bu saman med ei "mor" og sju "søsken" i ei hytte. 9 slike hytter skal ligge rundt eit tun, og på sikt vil det være plass til mange hundre barn. På området skal det også byggast ein skule, og elevene skal lære å dyrke mat og stelle husdyr.

Våre elevar skal vere med og støtte prosjektet ved å gi ei "dagslønn" til arbeidet.  

Dersom du har lyst til å sjå bilder frå turen til Afrika kan du gå inn på Instagram-kontoen vår: borgundvgs