Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > IST-møte ved Borgund vgs

IST-møte ved Borgund vgs

Borgund VGS er med i det internasjonale samarbeidsprosjektet IST. Måndag 21. mai var dei samla til eit møte her på Borgund VGS.

Av Tor Olav Osnes Holm og Martine Åramnes Sjåstad (Borgundtimes.no)

IST står for International Service Technican og er eit samarbeidsprosjekt som går ut på at elevar skal få praksiserfaring. I motsetnad til vanleg utplassering blir elevane her sendt ut til kundar over heile landet. Elevane kan altså vere på jobb her i Ålesund, men bli sendt til kunden i, til dømes, Oslo for å gjennomføre ein reparasjon.

Møtet som vart heldt her ved Borgund var eit møte der dei gjekk gjennom prosjektet og kva det gir. Tilstede på møtet var det representantar frå både Borgund, lokale bedrifter, franske samarbeidspartnarar, britiske samarbeidspartnarar, austerrikske samarbeidspartnarar og nederlandske samarbeidspartnarar.

Møtet starta opp ved at Bjarne Skuggen, lærar her ved Borgund VGS, gjekk gjennom den norske utdanninga for å kunne bli ein International Service Technican. Han gjekk også gjennom kva som var poenget med samarbeidsprosjektet og trakk fram filosofen John Dewey som sa «Learning by doing», altså å lære gjennom praksis.

001

Andre post på programmet var at tre elevar skulle fortelje om korleis dei hadde opplevd programmet i praksis. Dei hadde vore utplassert i forholdsvis Rolls Royce og Peter Stette AS. Her hadde dei opplevd mykje, men dei same erfaringene gjekk igjen: Det var heilt forskjellig frå det å vere ein vanleg serviceteknikar, kortare freistar, sikkerheit, samarbeid, eigentådig, reising, og kulturforskjellar.

Vidare skulle Rolls Royce og Peter Stette AS uttale seg om programmet. Begge bedriftene var einige i at prosjektet var bra og at det gav elevane verdfull erfaring. Det gir og elevane erfaring frå korleis det skil seg frå det å vere serviceteknikar.

Avslutninga på møtet var at dei saman gjekk gjennom kva prosjektet gav av erfaring. Det var felles enigheit mellom alle partar at prosjektet gav verdfull erfaring til både elevar og bedrifter. Dei trakk og fram korleis ein både fagleg og sosialt god teknikar kan selje dei neste produkta til ein allereie nøgd kunde. Samtidig som at dei trakk fram kva dei synst var bra med prosjektet trakk dei og fram kva dei synst kunne bli betre. Her trakk dei spesielt fram ferdigheitene med engelsk fagspråk.