Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Informasjon om Koronavirus

Koronavirus

Informasjon om Koronaviruset

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett krisestab og følger situasjonen tett. Fylkeskommune tek situasjonen knytt til koronaviruset på alvor, og har 11.mars sett i verk ytterlegare tiltak for å hindre smitte og spreiing av viruset. Det vil kunne bli sett inn nye tiltak på kort varsel. Lenke til Møre og Romsdal fylkeskommune: https://mrfylke.no/om-oss/koronaviruset/informasjon-til-elevar-og-foeresette

.

Tiltak som no er sett i verk:

  • 26.0320 - Informasjon til elevar og tilsette - sjå også under Dokument
  • 20.03.20 - Informasjon fra skolehelsetjenesten - se vedlegg under dokument
  • 13.03.20 - Stenge skolane -  For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren bestemt å stenge dei vidaregåande skolane i fylket. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og i to veker. Skolane er ikkje fysisk stengt, men det vil ikkje verte gjennomført ordinær undervisning i skolebygga og elevar skal ikkje møte opp. Unntaket er elevar ved dei ulike basane for tilpassa opplæring der det etter tett dialog mellom heim og skole vil kunne bli gitt undervisnin
  • Stopp for alle reiser
  • Sist veke vart det innført reisestopp for alle utanlandsreiser for elevar og tilsette. Dette betyr mellom anna at skoleturar dessverre må avlysast så lenge forbodet varar. I dag er det vedtatt stopp for alle tenestereiser i både inn- og utland. Berre heilt nødvendig tenestereiser innanlands kan bli godkjent.
  • Skal halde seg heime
  • Alle tilsette og elevar som har vore og no kjem heim frå utlandet, skal halde seg heime i 14 dagar. I denne perioden skal tilsette, skal så langt det er mogeleg, arbeide heimanfrå og elevar få tilrettelagt undervisning.
  • Større arrangement og møte blir avlyst
  • Fylkeskommunale møte og arrangement med fleire enn 15 deltakarar blir avlyst. Dette gjeld også deltaking på eksterne arrangement, der det er tenkt at tilsette og elevar skal delta.
  • Gjennomføring av politiske møte
  • Politiske møte blir gjennomført med maks 15 personar til stades. Møta vil bli streama på mrfylke.no/streaming
  • Inntil vidare blir tilsette oppfordra til ikkje å reise til utlandet på ferie.
  • Tilsette blir i fritid oppfordra til å ikkje delta på arrangement med større folkemengder.
  • Bruk av heimekontor for tilsette i risikogrupper, eller som har risikogrupper i hustanden sin, skal vurderast. Dette skal vere avtalt med næraste leiar.

Råd for tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune:

  • Inntil vidare blir tilsette oppfordra til ikkje å reise til utlandet på ferie.
  • Tilsette blir i fritid oppfordra til å ikkje delta på arrangement med større folkemengder.
  • Bruk av heimekontor for tilsette i risikogrupper, eller som har risikogrupper i hustanden sin, skal vurderast. Dette skal vere avtalt med næraste leiar.

Her finn du meir informasjon

UDIR - https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/

Helsedirektoratet - https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering