Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Informasjon om skule i veke 20 og 21

Informasjon om skule i veke 20 og 21

No får endeleg VG1-elevene også kome tilbake på skulen, men vi får dessverre ikkje planlegge med "full drift".  

 

 Informasjon om skole frå veke 20 - måndag 11.05.20

Det har gått veldig fint å ha VG2 og VG3 elevane på skolen igjen.

Og vi hadde gledd oss veldig til at også VG1 elevane og PB skulle få kome tilbake til skolen!  

school bus1

Dessverre har ikkje Samferdsel nok bussar, dermed er vi pålagde å planlegge i høve til skysskapasitet.

Det betyr at klassene må dele på å vere på skolen. Vi lagar no ein plan slik at du kan sjå kva dagar du skal vere på skolen og kva dagar du framleis må ha digital undervisning heime.

Skysslogistikken for skolane i Ålesund er komplisert. Dersom bussen er «full» og du ikkje kjem med, går du heim, gir melding til læraren din og gjer dagens arbeid heimanfrå.

Måndag den 11.mai – ingen VG1 klasser på skolen, VG2 og VG3 har skole som planlagt.

Frå og med tysdag den 12.mai blir det rullering mellom kva for klasser som kan vere inne på skolen. Planen blir lagt ut i løpet av måndag den 11.mai.

 

Gler oss til å sjå dykk igjen!

Velkomne tilbake til skolen til VG1 og PB elevar også!

 

ass.rektor Jørgen Ljoså

rektor Jessie Strand Fagervoll

FB-PROFIL