Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Inntak for skoleåret 2020/2021

Inntak for skoleåret 2020/2021

Skolestart for skoleåret 2020/2021 er måndag 17. august. Vi vil komme tilbake med plan over oppmøte tid og stad for dei ulike klassane.

Du vil få ein SMS når inntaket til skoleåret 2020/2021 er klart, og viktig at du loggar deg på Vigo.no og svarar på tilbod om skoleplass eller venteliste! Søkjarar som ikkje svarar innan fristen vil miste tilbod om plass og-/eller ventelisteplass.

Svarfrister:
Frist for å svare på tilbod om plass og-/eller ventelisteplass til 1. gangs inntaket er 10. juli. Frist for å svare på tilbod om plass og-/eller ventelisteplass til 2. gangs inntak er 3. august.

Søkjarar som av ulike grunner ikkje kan logge seg på vigo.no for å sjå på tilbudet og svare på tilbod om skoleplass og/- eller ventelisteplass, kan kontakte Inntak/Utdanningsavdelinga på telefon 712 80 150. Opningstider:

Kl. 09.00 - 11.00 
Kl. 12.00 - 14.00

Ventelister:

2. inntaket er klart 03. august og da kan skolen starte arbeidet med å tildele plasser frå ventelister. Først får elevar som står på fylkeskommunen si venteliste tildelt plass, så kan vi begynne å sjå på skolen si venteliste (søknader som kjem etter søknadsfristen 01. mars)

Skoleskyss:

Som elev i vidaregåande skole kan du ha rett til fri skoleskyss til og frå skolen. For å ha skyssrett må avstanden være 6 km eller meir mellom skolen og der du bur (bustad eller hybel). Du søker sjølv om skyss gjennom skoleskyssportalen (https://skoleskyss.mrfylke.no)
Husk å søke om skoleskyss når du takkar ja til skoleplass. Du må søkje årleg om skoleskyss. Lenke til Fylkeskommunen sin nettside med informasjon om skoleskyss - Skoleskyss i vidaregåande skole

Skule-pc:

Frå hausten 2020 vil Møre og Romsdal fylkeskommune bare kunne tilby skole-pc til elevane, og dvs pc-stipendet finnes ikkje lenger. Her finn du meir informasjon om Skole-pc