Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Kulturdag for elevane på Helseervicefag

Kulturdag for elevane på Helseervicefag

Interessant og fin kulturdag for elevane på Helseservice.
På kulturdagen til elevane på Helseservice, onsdag 14. november, laga dei mat frå Myanmar, Irak, Sverige og Norge. Dessutan presenterte gruppene ein del fakta til dei ulike landa med å vise ein PowerPoint- presentasjon.

Dagen starta med planlegging og innkjøp av matvarer. Deretter var det fram med gryter, steikepanner og anna kjøkkenutstyr for å blande og koke eller steike ingrediensane.

Matrettane var klar til lunchtida. Då sette elevane dei ferdige matrettane på eit langbord på kjøkkenet slik at alle kunne smake og forsyne seg av dei mange rettane, og det var smakfull mat som elevane hadde laga til for medelevane og lærarane i dei to klassene.

Etterpå fekk vi  sjå framføring av nasjonale dansar frå dei ulike kulturane med musikk henta på Youtube. Konklusjonen frå både elevar og lærarar var at dette hadde vore ein triveleg, sosial og lærerik dag.

Det vart laga slidesshow og videofilm frå kulturdane. Den kan du sjå her.

Tekst, foto og video: Atle Grebstad Eliassen