Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Lånekassen

Lånekassen

Informasjon frå Lånekassen til elevar 2016 - 2017

Lånekassen logo

Endring i Lånekassen sine reglar for undervisningsåret 2016–2017

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift for tildeling av utdanningsstøtte for 2016–2017. Her er ei oversikt over dei viktigaste endringane for elevane:

1. Foreldre til elevar under 18 år skal signere avtalen om støtte

Slik det er i dag, må både forelder og elev signere avtalen om støtte når eleven er under 18 år, uavhengig av om eleven berre får stipend, eller stipend og lån. Nytt frå neste undervisningsår er at berre forelder/verje skal signere dersom eleven berre får stipend. Får eleven lån, skal framleis både eleven og ein forelder / ei verje signere avtalen. endringane som gjeld signering for elevar under 18 år.

2. Endring i kva satsar for utstyrsstipend som gjeld for ulike utdanningsprogram

Det er somme endringar i kva satsar for utstyrsstipend som gjeld for dei ulike utdanningsprogramma. www.lanekassen.no/utstyrsstipend_nn

Nytt telefonnummer til Lånekassen for elevar/lærlingar/studentar: 21 49 60 00

Søk om stipend når du får skoleplass

Du kan søkje om støtte frå Lånekassen for neste skoleår dersom:

  • du har komme inn på førstevalet ditt på vidaregåande skole
  • og takka ja til plassen

Opptaka til vidaregåande skole skjer tidlegast i juli.
Kom du ikkje inn på førstevalet?
Elevar som ikkje kom inn på førstevalet sitt på vidaregåande skole, kan søkje frå 1.august 2016.
Det er også lurt å vente med å søkje til du er heilt sikker på kva skole du skal gå på. Då slepp du å søkje fleire gonger.

Under 18 år? No kan foreldra dine signere for stipendet ditt digitalt

Er du under 18 år og får stipend frå Lånekassen, må ein av foreldra dine signere for deg. No kan dei signere raskare enn før, sidan dei kan signere digitalt.
Foreldre kan opprette ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks) på veldigitalpostkasse.no. For å opprette postkassen må dei ha ein elektronisk ID, for eksempel BankID.
Elevar må signere for lån
Elevar som får lån, må sjølve signere avtalen om støtte. Avtalen vil alltid komme på papir i posten, og den må signerast av både deg og ein forelder dersom du er under 18 år.
Vent med å søkje om stipend
Elevar i vidaregåande kan søkje om stipend frå Lånekassen for neste skoleår når dei har fått ein skoleplass, og tidlegast i juli 2016.
Les meir om digital postkasse og signering for elevar under 18 år

Foreldre kan snart signere avtalen om støtte digitalt

Her kan de lese heile forskrifta: lanekassen.no./forskrifter

Nytt telefonnummer til Lånekassen for elevar/lærlingar/studentar: 21 49 60 00