Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Ledige stillingar

Ledige stillingar

Borgund vgs har ledige stillingar som reinhaldarar og kantinemedarbeidar, med søknadsfrist 08.11.20

Borgund vgs

Borgund vidaregåande skole er ein yrkesfag skole med høve til påbygging til generell studiekompetanse, med 900 elevplassar og 100-200 plassar for vaksne kandidatar. Skolen som ligg i Fremmerholen har 215 tilsette. 

Utdanningsprogramma: Bygg og anleggsteknikk, Design og håndverk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Restaurant og matfag, Teknikk og industriell produksjon, Påbygging til generell studiekompetanse. BORK Karriere og Kompetanse har ansvaret for vaksenopplæring, realkompetansevurdering og kurs.

Vi har behov for både faste og vikarstillingar innan reinhald og kantine

Faste stillingar som reinhaldar - Vi søker etter: Reinhaldarar, gjerne med fagbrev, som likar å arbeide der det er andre tilstades. 2 faste stillingar som reinhaldar, ei stilling på 75% og ei på 57,8%. Reinhaldet foregår på dagtid.

Vikar reinhald - Vi søker etter: Reinhaldar, gjerne med fagbrev, som likar å arbeide der det er andre tilstades. Ledig vikariat som reinhaldar i 95,77% stilling frå snarast til og med 31.07.2021. Reinhaldet foregår på dagtid.

Tilkallingsvikar som reinhaldar - Vi søker etter: Tilkallingsvikar som reinhaldar som kan kome på kort varsel. Dagleg reinhald av skolelokale. Foregår på dagtid.

Tilkallingsvikar som kantinemedarbeider - Vi søker etter: Tilkallingsvikar i kantina som kan kome på kort varsel. Tilbereding av mat, salg av mat, påfylling av varer, reinhald og oppvask.

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. www.mrfylke.no 

Søknadsfrist 08.11.20

Politiattest:

Den som blir tilsett må levere politiattest

Kontaktperson til alle stillingane:

Gunn Slemmen, avdelingsleiar, tlf 71281200, gunn.slemmen@mrfylke.no 

Jessie Strand Fagervoll, rektor, tlf 71281200, jessie.strand.fagervoll@mrfylke.no