Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Offisiell opning av bygg og bok lansering

Offisiell opning av bygg og bok lansering

Torsdag 7. februar inviterte skolen 70 gjester til å vere med på den offisielle opninga av bygget til Restaurant og matfag.

Dagen starta med at utdanningsutvalet hadde lagt sitt møte til skolen slik dei kunne vere med på feiringa.I lunchpausa spanderte skolen ei fire meter lang sjokoladekake som Restaurant og matfag hadde brukt tre dagar på å lage til den store dagen. Gjestene vart vist rundt på skolen og gjekk til duk og dekka bord i restauranten.Ikkje nok med det. Festdagen vart avslutta med lansering av historieboka «Fagfolk for framtida» der Eivind Hasle er forfattar. Jessie og Eivind fortalde om planane og arbeidet med boka som enda ut i eit flott produkt som skolen kan vere stolt av. Dei tilsette og pensjonistane kan glede seg over å få eit gratiseksemplar av historia til dei fire skolane som enda opp med den moderne Borgund vidaregåande skole.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.10904034

 

Tekst og foto: Atle G. Eliassen