Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Open skule for årets 10.-klassingar

Open skule for årets 10.-klassingar

Tysdag 30. januar kan både elevar og føresette til årets 10.-klassingar kome innom Borgund vgs for å sjå skulen frå innsida.

Foto: Helge Solevåg

Tysdag 30. januar har vi open skule for årets 10.-klassingar og deira føresette. Det er kanskje ikkje berre ungdommane som lurer på korleis livet på ein yrkesretta skule er? Det blir då høve til å sjå seg rundt på området.

Avdelingsleiar og rådgjevar på dei ulike avdelingane er tilgjengelege for å svare på spørsmål og orientere fram til kl 18.00. Vi håper at ungdommane får lyst til å begynne her til hausten! 

Det er godt med parkeringsplassar ved Borgundhallen.

Vel møtt!