Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > På jobb for friluftsrådet

På jobb for friluftsrådet

Elevane i 1BA1 med kontaktlærar Askjell Hjelle i spissen har snikra utedo og tapp på Svinøya denne våren på oppdrag for Friluftsrådet for Ålesund og omland. Dei har også hatt god hjelp i arbeidet av assistent Svein.

God arbeidsinnsats 1BA1

Tysdag hadde dei i tillegg til tømringa eit tverrfagleg opplegg i friluft med både norsk, engelsk, matte og bransjelære. Dette var ein dag då Sunnmøre vist seg frå si beste side, med sol og varme. Faglærarane frå skulen vart møtt av arbeidssame elevar som gjennomførte opplegget med entusiasme og god lagånd.

Den lange arbeids- og skuledagen utandørs  inkluderte dessutan grilling, quiz og ein kveldsdukkert. Elvane overnatta i lavvoar som dei sette opp på rekordfart. Onsdagen heldt arbeidet på øya fram med nødvendig opprydding. Dette skuleåret har klassa tatt på seg fem ulike byggeprosjekt, og elevane har gitt uttrykk for at det har vore eit lærerikt og kjekt skuleår.

Tømring av trapp

Tømring av trabb

Velfortent pause

Velfortent pause

 

Tekst og foto: Sissel Ytterland