Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Privatiseksamen våren 2015

Privatiseksamen våren 2015

Fristen for å melde seg opp til privatisteksamen for våren er 01. februar 2015

Privatistweb

Frå 01.januar til 01. februar kan du melde deg opp til våreksamen, og all oppmelding skal skje på PrivatistWeb. Du finn meir informasjon på www.privatistweb.no

Etter at du har valt Møre og Romsdal fylkeskommune i innloggingsbildet, klikker du på lenka Viktig informasjon om eksamen. Du får då opp ei rettleiing med informasjon om privatisteksamen. Du kan skrive ut rettleiinga om du ønskjer det.
Her finn du og informasjon om betaling av eksamensavgift, dette må gjerast via nettbank. Det er nokre få tilfelle der du ikkje skal betale, men dei aller fleste må betale eksamensavgift ved oppmelding til privatisteksamen. Privatistar betalar ei eksamensavgift per eksamen. Det er forskjell på om ein har karakter i faget frå før eller ikkje. Les meir om dette på PrivatistWeb.