Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Privatisteksamen hausten 2015

Privatisteksamen hausten 2015

Fristen for å melde seg opp til privatisteksamen for hausten er 15. september 2015.

privatistweb

All oppmelding skal skje på PrivatistWeb. Frå 15. august til 15.september kan du melde deg opp til hausteksamen.

Du finn meir informasjon på www.privatistweb.no
Etter at du har valt Møre og Romsdal fylkeskommune i innloggingsbildet, klikker du på lenka Viktig informasjon om eksamen. Du får då opp ei rettleiing med informasjon om privatisteksamen. Du kan skrive ut rettleiinga om du ønskjer det.
Her finn du og informasjon om betaling av eksamensavgift, dette må gjerast via nettbank. Det er nokre få tilfelle der du ikkje skal betale, men dei aller fleste må betale eksamensavgift ved oppmelding til privatisteksamen. Privatistar betalar ei eksamensavgift per eksamen. Det er forskjell på om ein har karakter i faget frå før eller ikkje. Sjå meir om dette på PrivatistWeb.