Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Privatisteksamen våren 2018

Privatisteksamen våren 2018

Fristen for å melde seg opp til privatisteksamen for våren er 01. februar 2018. Det er ikkje mogleg å melde seg opp til eksamen etter dette.

Frå 01. januar til 01. februar kan du melde deg opp til vår eksamen, og all oppmelding skal skje på PrivatistWeb. Du finn meir utfylande informasjon om å melde seg opp til privatisteksamen på www.mrfylke.no  eller www.privatistweb.no

Etter at du har valt Møre og Romsdal fylkeskommune i innloggingsbildet, klikker du på lenka Viktig informasjon om eksamen. Du får då opp ei rettleiing med informasjon om privatisteksamen. Du kan skrive ut rettleiinga om du ønskjer det. Her finn du og informasjon om betaling av eksamensavgift, dette må gjerast via nettbank. Det er nokre få tilfelle der du ikkje skal betale, men dei aller fleste må betale eksamensavgift ved oppmelding til privatisteksamen. Privatistar betalar ei eksamensavgift per eksamen. Det er forskjell på om ein har karakter i faget frå før eller ikkje. Du finn også informasjon på heimesida vår http://borgund.vgs.no/Borgund-VGS/Eksamen 

Ønsker du melde deg av eksamen kan du sende e- post til eksamen@mrfylke.no. Vi gjer merksam på at eksamensavgift ikkje vert refundert etter at oppmeldingsfrista er ute.