Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Skoleavslutning 2017

Skoleavslutning 2017

Torsdag 22. juni var siste skoledag for skoleåret 2016 - 2017, og elevane var samla i Borgundhallen til avslutning.

Oppsummering av skoleåret 2016 - 2017:

I fjor var gjennomsnittleg fråvær på skolen 6,82% - målet vårt har i mange år vore å ha eit fråvær som er under 4%. I år er det så mange klasser som har under 4% at det er ikkje til å tru. Det samla statistiske fråværet ser ut til å vere 3,54 %, eit resultat med forbehold. Vi har fått god hjelp av det nye fråværsreglementet. 

Det er stadig fleire elevar som har 0 dagar og 0 timar i fråvær –  i år er talet 64 elevar, det tilsvarar meir enn 4 fulle klasser med 15 elevar. I fjor hadde 166 elevar mellom 1 time og 3 dagar i fråvær og i år var det 257 elevar – dvs 91 fleire elevar. Det betyr at over 40% av elevane som går ut i år har 3 dagar eller mindre i fråvær. Det er to klasser som skil seg ut med utruleg lite fråvær, vi har valt at begge desse klassene må bli årets klasser – begge klassene har ca 0,5% fråvær: 1BA4 og 2ELAU1 – Gratulerer!

Vi har kåra årets elev på kvar avdeling – og her konkurrerer først og fremst VG2 og VG3 elevar. Kriteria er dei same som før – gode karakterar, lite fråvær og G i orden og åtferd:

BA: Oskar Johan Nordal Vik 2BAK1

DH: Beate Drønnen 2DHI

EL: Odd Helge Oksavik Juve 2ELA1

HO: Sigrid Aannø Tusvik 2HSA1

PB: Henrik Øwre Oseberg

RM: Thomas Brandtzæg Godø 2RMKS1

TP: Otilie Skram 2TPKJ2

Årets elev vart:  Odd Helge Oksavik Juve 2ELA1

Dette skoleåret hadde vi 3 elevar som på ein særskild måte har representert faget sitt og Borgund vidaregåande skole. Dei har alle tre vore i NM i Yrkeskonkurransar Worldskills Norway og gjort det skarpt.

  • John Henrik Kvalsund – sølv medalje i NM frå VG2 køyretøy.
  • Beatrice Bjørkedal – ein fjerde plass, frå VG2 Bilskade, lakk og karosseri
  • Lene Viktoria Markussen – ein fjerde plass, frå VG2 Design og tekstil

Litt frå talen til rektor:

Kjære elevar! Kjære alle saman!

Det å stå her og sjå ut over denne flotte elevflokken, gjer meg så utruleg glad.

Eg reknar med at de kjenner til dette teiknet?  Uendeleg – Eit symbol som først og fremst blir brukt i matematikken og fysikken, men i dag vil eg bruke det det på noko som er så verdifullt at vi ikkje veit kor stort tal vi skal sette på det, for viss vi prøver, kan vi heilt sikkert legge til litt til.

Her i landet vårt så har vi nokre viktige verdiar som er sentrale i den kristne og humanistiske kulturarven vår. To av dei er desse:

-         Menneskelivet er ukrenkeleg

-         Alle menneske har lik verdi

Sidan menneskelivet er ukrenkeleg, så forstår eg det som at kvart enkelt menneske har uendeleg verdi. DU HAR UENDELEG VERDI! Ditt liv er ukrenkeleg uansett kven du er, uansett kva du trur på eller ikkje trur på – om du tilhøyrer nokon religion eller ikkje, om du er jente eller gut, hetro, homofil eller lesbisk, om du synest du får gode karakterar i dag eller ikkje, om du kjem frå ein god og flott familie eller du tenkjer, tja ok, men det kunne vore betre. Alt dette og mykje meir om kor ulike vi er eller kor ulikt vi kan ha det, spelar faktisk absolutt inga rolle – du er akkurat like verdifull – og verdien er uendeleg. Vi kan ikkje sette ein prislapp på deg. 

Eg håper du forstår at du er uendeleg mykje verd, same kva motforestillingar som dukkar opp. TA GODT VARE PÅ DEG SJØLV I SOMMAR – DU ER EIN SKATT MED UENDELEG VERDI.

GOD SOMMAR!

Sang av elev på Vg4 PB

Sang av elev på Vg4 PB

Tale av rektor

Tale av rektor

Elevrådsstyret 2016-2017

Elevrådsstyret 2016-2017

Årets klasser 1BA4 og 2ELAU1

Årets klasser 1BA4 og 2ELAU1

Årets klasser 1BA4 og 2ELAU1

Årets klasser 1BA4 og 2ELAU1

Årets elevar 2017

Årets elevar 2017

3 elevar i NM i world skils

3 elevar i NM i world skils

Framføring elev

Framføring elev