Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Start på skoleåret 2015-2016

Start på skoleåret 2015-2016

Velkomen som elev til Borgund vidaregåande skole!

Velkommen tale

Velkomen til utdanning og personleg vekst!

På Borgund vidaregåande skole utdannar vi stolte fagfolk for framtida. Det er deg det gjeld – det er du som er framtida både for verdssamfunnet, Noreg som nasjon og regionen vi bur i. Som skole vil vi jobbe hardt for at du skal få ei god utdanning som du både kan leve av og leve godt med! Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og ha eit godt og trygt opplæringsmiljø, der vennskap blir skapt og der samarbeidet om faga øver deg i profesjonalitet i høve til yrket du skal ut i. Målet med utdanning er sjølvsagt å lære yrke og fag, men det handlar også om di  personlege og sosiale utvikling. Du skal kvalifiserast for vaksenlivet med alle dei gleder og utfordringar som vil møte deg der.

For å kunne vere di støtte i læring og utvikling og for at du skal få brukt  evnene dine  best muleg, forventar vi av deg at du møter presis og tek del i opplæringa. Ikkje alle dagar vil vere like kjekke, men særleg dei dagane som ikkje er så kjekke, er det viktig å ha som prinsipp at du  møter opp.

Vi som arbeider på skolen,  er stolte over å kunne vere med på å kvalifisere deg for yrke, samfunnsliv og vaksenliv.

Lukke til med skoleåret 2015 - 2016!

VG1 elevar 2015

VG1 elevar 2015

VG2 - VG3 - VG4 elevar

VG2 - VG3 - VG4 elevar

Påbygg

Påbygg

Ny helsesøster

Ny helsesøster