Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Stortingsrepresentantar på besøk

Stortingsrepresentantar på besøk

Klasse 2HSS1 var så heldig å få besøk av to stortingsrepresentantar frå Møre og Romsdal i samfunnsfagtimane fredag 8. februar.

Det var Else-May Botten og Tove-Lise Torve, begge AP. Det passa ekstra godt sidan elevane heldt på med kapitlet om Storting og regjering. Dei kunne fortelje elevane om sin bakgrunn og vegen fram til Stortinget og litt om det indre livet i parlamentet vårt. Nokre elevar nytta også høvet til å stille spørsmål til dei to representantane som dei svarte på. Begge partane var godt nøgde med besøket.

Tekst og foto: Atle G. Eliassen