Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Tine matcup 2017 - 2018

Tine matcup 2017 - 2018

Elevar frå Vg2 kokk og servitør kjempa torsdag 07. des om finaleplass i Tine Matcup.

Det var tre lag frå Borgund vidaregåande skole som konkurrerte med to lag frå Rauma vidaregåande skole i ein semifinale. 

Laget «Team trio» med elevene Therese Ekornesvåg, Jasmin Hodea og Mathias Flem med lagsleiar Inger Hollingsæter, laget «Nauta gøtt» består av Emil Farstad Østraat, Tobias Våge og Hedda Aasen med lagsleiar Elisabeth Sperre og laget «Meget oppegående» består av elevane Peerapat Charoensang, Tiril Glasø Holsæter og Marie Valderhaug med lagsleiar Inger Hollingsæter.

Gratulerer til vinnarlaget «Meget oppegående» frå Borgund vgs som skal til finalen i Tine Matcup i Stavanger. Borgund vgs tok også 2. plass framfor laget frå Rauma vgs. Tusen takk for innsatsen til alle som deltok!  

Det blir mange flinke kokkar og servitørar i framtida.