Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Undervisningsevaluering

Undervisningsevaluering

Det er no klart for Undervisningsevaluering. Her finn du meir informasjon.

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket.

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppfordrar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar.

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. 

I dokumentet til høgre kan du lese meir om Undervisningsevalueringa og korleis denne går føre seg.