Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Undervisningsevaluering 2019-2020

Undervisningsevaluering 2019-2020

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevaluering 2019-2020

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.

Meir informasjon finn du på Møre og Romsdal fylkeskommune sine sider

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim, eller rådgivar Ann-Christin Hoel Lervik.