Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > Vg1 HO med flott arrangement for klubben Kontakt

Vg1 HO med flott arrangement for klubben Kontakt

Utstråling av livsglede, sang, musikk og god mat sette sitt preg på arrangementet som elevane i faget PTF på Vg1 Helse- og omsorgsfag laga til for klubben Kontakt på skolen 30. april.

dekka til 210 i kantina

Det var dekka til heile 210 personar i elevkantina.  Heile kantina var pynta i AAFK sine fargar og mange var kledd med Aafk-drakter og med supporterutstyr  til klubben. Den første allsongen hadde eit sterkt ønske om at AAFK no måtte få fleire mål etter ein laber start på sesongen!

Julie og Alice framførte to sangar på ein flott måte. Det same gjorde Hanne og Johanna litt seinare i programmet. Etterpå var det pølser med brød og sjokoladekake og kaffi. Til og med glutenfri kaker hadde Vg1-elevane laga til dei som måtte ha det.

Til slutt i programmet svinga musikarane opp med fengande dansemusikk som Fugledansen og andre kjende tonar.

Dette er tredje gongen Vg1-elevar HO lagar til eit så flott arrangement for klubben Kontakt, og begge partar synest at dette var stort å vere med på. 

dans og full fart
Heia aafk
programleiar nakken
klubben kontakt heia aafk
   

Tekst og foto: Atle Grebstad Eliassen