Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Nyheter > kr 209 275,- vart samla inn til Malaika Villages

kr 209 275,- vart samla inn til Malaika Villages

Torsdag var Gunnar Hamnøy innom med diplom som bevis på beløpet som var samla inn. Camilla Aakre tok imot diplomet på vegne av elevane.

Camilla reiste i oktober i fjor til Kenya saman med Kevin Sibernagel og Lillian Markussen for å sjå på bygginga av barnelandsbyen. Den gongen var det ein byggeplass, no er dei første husa ferdige. 24 foreldrelause barn har fått flytte inn - og fått seg ein "heim".

NSP Aid har fått kjøpe ei tomt utanfor Nairobi, og planlegg å starte bygginga av ein ny barnelandsby her. Det er planlagt både barneskule og fleire hus der foreldrelause barn skal få bu. Borgund vgs skal vere med på dette prosjektet også - og det skal bli kjekt å følge med på utvikllinga - sjølv om det no berre blir bilder frå nettet. Det kan du også gjere, på denne sida:  https://www.nsp-aid.com/sider/prosjekter/barnelandsby-i-kenya/262/

Slik situasjonen er no kjem vi dessverre ikkje til å sende elevar for å besøke barnelandsbyen til hausten. Men vi skal likevel ha Malaika-dag, det blir fredag den 30. oktober

Sunnmore Home