Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Om skolen

Om skolen

Om skolen

Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skulane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune. Skulen ligg langs Brusdalsvegen, omtrent 1,5 km aust for Moa.

Skulen har ca 900 elevar og 225 tilsette. Vi har seks ulike yrkesretta utdanningsprogram, påbyggingsklassar og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skulen eit kompetansesenter (BORK) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs til næringslivet.

Vi har i dag eit flott og spennande skulebygg med ulike salongar, laboratorium, bygg- og verkstadhallar, restaurant og storkjøkken, bibliotek, kantine, auditorium, idrettshall og ulike spesialrom. Dessverre må elektrofag framleis halde til i brakker og leigde lokale, men arbeidet med å planlegge byggetrinn 5 er godt i gang. Planen er at bygget skal stå ferdig i 2020.

Kjem du med skolebuss, stoppar den på nordsida av skulen. Treng du parkeringsplass finn du dette ved Borgundhallen.

Borgund vidaregåande skole er ei samanslåing av fire tidlegare vidaregåande skular, og er lokalisert på tomta til det som ein gong var ”Borgund Yrkesskule” i Fremmerholen. I 2001 vart Borgund vgs slått saman med Sula vgs, i 2004 blei Nørve innlemma, og så seint som 2010 kom restaurant og matfag flyttande frå Ørskog vgs.

Borgund vgs er ein arena for vekst; fagleg, sosialt og personleg. Vi har som målsetting å utdanne ”stole fagfolk  for framtida”, med utgangspunkt i desse verdiane:

  • Samarbeid som verkar stimulerande og skapande.
  • Trivsel basert på tryggleik, tillit og omsorg for kvarandre.
  • Orden, struktur og oversikt.
  • Likeverd, der alle føler seg inkludert og er lojale til skulen sine verdiar.
  • Tydelege og ærlege i alle relasjonar.
  • Eksternt samarbeid lokalt og internasjonalt.

Kvart år reiser 60 - 80 av våre elevar ut i Europa for å få internasjonal arbeidstrening.  Avhengig av programområde kan elevane søke om å få 2-3 vekers praksis i Nederland, Danmark, Tyskland, Frankrike, England eller Spania.

For at vi skal klare å ta godt vare på elevene har skulen eiga elevteneste. Her sit rådgjeverar som er knytt til kvar si avdeling, helsesøster, NAV og OT (oppfølgingstenesta).

Borgund vidaregåande skole er praksisskule for PPU-studentar frå Høgskulen i Volda.

Skulen er miljøfyrtårn og lærebedrift innan IKT og Merkantile fag.

Skulen har eige kvalitetssystem for undervisning og er sertifisert etter standarden DNVGL-ST-0029: 2014-04.

Borgund vgs

Kart

Dokument

Rusplan 2016
PDF-dokument - 932,90 kB