Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Om skolen > Korona 2020

Kororna 2020

Korona 2020 - opning av skulane

.Gradvis åpning av de videregående skolene

Oversikt for alle klasser veke 20 og 21

Frå 27.april opnar skolane våre, i første omgang for elevar ved Vg2 yrkesfag og elevar ved Vg3 som følger yrkesfagleg løp i skole. 

Velkomne til Vg2 og Vg3 YF 27.04.2020 - sjå video her

For å sikre at skolane kan gjennomføre ei forsvarleg drift har Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet utarbeidd ein rettleiar med råd og føringar til dei vidaregåande skolane. Rettleiaren er gyldig frå 20. april, og vil bli oppdatert ved behov.

Ei forsvarleg drift krev godt samarbeid mellom alle aktørar som har oppgåver i skolen, både personalet, skolehelsetenesta, elevane og føresette.

Å få komme tilbake på skolen er viktig for elevane
Skoleåret er snart ferdig, og mange elevar ved Vg2 og Vg3 yrkesfag skal straks signere opplæringskontrakter med bedrifter. Det har derfor stor betydning at ungdom kan komme tilbake på skolen i utbrotsperioden, samtidig som smittevernet blir tatt i vare, både for elevane og dei tilsette. For å avgrense smitte under ei kontrollert opning av skolar finst det ei rekke tiltak som skolen kan sette i verk. Tiltaka nedanfor er utdrag frå rettleiaren i smittevern for ungdomsskole og vidaregåande skole. Les heile rettleiaren her.


Smittevern

Dei tre grunnpilarane for å bremse smittespreiing er:

  1. Sjuke personar skal ikkje vere i på skolen
  2. God hygiene
  3. Redusert kontakt mellom personar
Les meir

Opning av Borgund vgs - 27.april

Oppstart for Vg2 og Vg3 klassane ved Borgund 

Les meir

Ungdom med kroniske sjukdommar

Barn og unge har så langt ikke vist å ha risiko for alvorlig forløp av covid-19. 

Les meir