Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Om skolen > Korona 2020 > Opning av Borgund vgs - 27.april

Opning av Borgund vgs - 27.april

Oppstart for Vg2 og Vg3 klassane ved Borgund 

Nasjonale myndigheiter kunngjorde i media den 7. april at VG2 og VG3 yrkesfag skal tilbake på skolen frå og med den 27.april 2020. Rettleiaren kom den 20.04.20. Den gir langt større normalitet enn vi hadde forventa, samstundes er det klare reglar for smittevern som skal overhaldast. Rektor har hatt avklaringar med fylkesutdanningssjefen i høve til oppstart ved Borgund vgs den 27. april. Fylkesutdanningssjefane i Norge har hatt nær dialog med sentrale myndigheiter. Både lærarorganisasjonane og andre har gitt innspel til rettleiaren før den vart gjort endeleg og sendt til skolane. Vi må då ta for gitt at innspela er tatt omsyn til.

  • Kvar klasse får tildelt eit klasserom 
  • Kvar elev får tildelt sin pult
  • Timeplanen går som normalt viss det er muleg å få til. Det får vi til i dei aller fleste klassene dei fleste dagane i veka. Dersom det ikkje er muleg, vert det handtert på avdelinga.

Skoleskyssen

Den er meldt inn til samferdsel for 250 av våre VG2 og VG3 elevar. Det er viktig med så normale dagar som råd, og skoleskyssen vil gå som normalt!! Samferdsel har planlagt slik at det vil vere halvfulle bussar.

Nokre reglar når vi no opnar skulen igjen;

  • Elevane går rett til sine klasserom når dei kjem til skolen om morgonen
  • Elevane skal ha kontakt med elevane i si klasse. Dei må gjerne ha faste kollega som dei samarbeider
  • Elevane skal i minst muleg grad ha kontakt på tvers av klasser og avdelingar
  • Friminutt ute – elevane går til næraste uteområde i høve til si avdeling og bruker næraste utgang. Elevane opprettheld avstanden mellom kvarandre i friminutta.
  • Bruk av felles utstyr – det skal reingjerast etter bruk. På EL og TP har dei kjøpt inn eingongshanskar som er godt tilpassa arbeidet dei har på sine avdelingar

Kantine

Kantina blir open for kjøp av mat. Handling i matpausen vil bli regulert avdelingsvis. Oppsett på skolen 

Både kantine og bibliotek har eigne reglar for å regulere kor mange som kan vere inne i området samstundes og avstanden mellom personane. Elevane og vi vaskar hendene før vi går på biblioteket eller i kantina ev. bruker handdesinfeksjon

Vi etterlever god handhygiene og hygienereglane som er oppslått rundt om kring på skolen. Elever og tilsette skal vaske hender:

  • Før man drar heimefrå og når man kommer heim
  • Når man kommer til skolen
  • Etter hosting og nysing
  • Etter toalettbesøk
  • Før og etter måltid
  • Etter man kommer inn frå uteaktivitet
  • Etter kontakt med dyr
  • Ved synlig skitne hender (Rettleiaren s. 4 og 5)

Helsesjukepleiar 

Eleven tek kontakt på telefon eller sms og får time. Ingen skal vente på ventromet på elevtenesta. Tlf. 958 00 801

VELKOMNE TILBAKE TIL SKOLEN OG LUKKE TIL MED Å TA KVARDAGEN TILBAKE! MED ØNSKJE OM GODE OG FRISKE DAGAR FOR BÅDE TILSETTE OG ELEVANE!

REKTOR