Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Om skolen > Korona 2020 > Smittevern

Smittevern

Dei tre grunnpilarane for å bremse smittespreiing er:

  1. Sjuke personar skal ikkje vere i på skolen
  2. God hygiene
  3. Redusert kontakt mellom personar

Sjuke personar skal ikkje vere i på skolen

  • Ungdomar som har hatt luftvegsinfeksjon kan komme tilbake etter at dei har vore symptomfrie i 1 døgn.
  • Dersom ein i husstanden har luftvegsinfeksjon, men ikkje er bekrefta covid-19, kan eleven møte på skolen som vanleg.
  • Elevar med typiske symptom på pollenallergi kan møte på skolen.
  • Elevar som har bekrefta covid-19 skal vere i isolasjon.
  • Elevar som er nærkontaktar/ husstandsmedlem til ein person med bekrefta covid-19 skal vere i karantene.
  • Elevar som får symptom på luftvegsinfeksjon blir sendt heim frå skolen. Skolen har eigne rutinar for å handtere dette.
  • I rettleiaren finn du ei oversikt over ulike diagnosar som det eventuelt skal takast spesielle omsyn til. Desse elevane vil få tilrettelagt undervisning heime.

God hand- og hostehygiene
Elevar skal vaske hender:

  • Før dei drar heimanfrå og når dei kjem heim
  • Når dei kjem til skolen
  • Etter hosting/nysing
  • Etter toalettbesøk
  • Før og etter måltid
  • Etter dei kjem inn frå uteaktivitet

Bruk handsprit viss ikkje handvask er mogeleg. Viss ikkje tørkepapir er tilgjengeleg, skal eleven bruke albuekroken når han eller ho hostar eller nyser.
Redusert kontakt mellom personar
Redusert kontakt med andre vil minske risiko for smitte frå personar som ikkje vet at dei spreier smitte. For å oppnå dette kan avstand mellom elever/tilsette aukast, og det skal ikkje arrangerast større fysiske møte og samlingar.

Her er hovudreglane:

  • Unngå fysisk kontakt. Hold minst éin meter avstand frå kvarandre.
  • Unngå større samlingar. Skolen legg til rette for undervisning i mindre, faste grupper.
  • Skolen legg til rette for at klassen skal sleppe å bytte rom.
  • Skolen vil ta i bruk større lokale.
  • Alle elevar bør ha eigen pult/arbeidsplass for å sikre avstand på minst ein meter.
  • Skolen legg til rette for pausar på ulike tidspunkt, gjerne utandørs.
  • Avgrense deling av mat og utstyr

Reinhold
Reinhaldarane ved våre vidaregåande skolar er også godt førebudde på mottak av elevane frå 27. april. Saman med resten av driftspersonalet vil også dei bidra til å ta i vare ein trygg og sikker re-opning av skolane. Utsette område på skolen vil ha forsterka reinhald, særleg på alle flater som mange er i kontakt med, handtak og gelender. Driftsseksjonane vil sørge for at det er nok såpe og tørkepapir i alle garderobar og toalett.
Elevane vil få oppgåver og ansvar for reinhald av eigne pultar og eige utstyr. Dette er også god trening før de skal ut i opplæring i bedrift.
Kva skjer dersom ein elev blir sjuk på skolen?
Dersom ein elev blir sjuk på skolen, vil føresette med ein gong bli varsla dersom eleven er under 18 år. Sjuke elevar bør ikkje ta offentleg transport. I etterkant vil rom, toalett og andre område der eleven har opphaldt seg bli reingjort.

Transport og skoleskyss
Vi oppmodar så mange elevar som mogleg til å komme seg til skolen utan å bruke offentleg transport. Likevel må mange elevar bruke offentleg transport, og då er hovudregelen å halde avstand til andre.
Ved bruk av skoleskyss, bør elevane sitte på annankvar plass i bussen. For eksempel kan det på ein buss med fire sitteplassar per rad, sitte to ungdommar per rad med alternerande sitteplass vindauge/midtgang. Elevane må halde minst ein meter avstand mens dei ventar på bussen.

Elevar må vaske hender når de kjem til skolen og tilbake til heimen.

Les meir

Les meir om smitteverntiltak i rettleiaren. Her står det meir om blant anna tiltak for ungdommar med kroniske sjukdomar og meir om tiltak i ulike fag