Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Borgund VGS > Om skolen > Organisering av skolen

Organisering av skolen

LEIINGA

Leiinga ved skolen er rektor, assisterande rektor og avdelingsleiarar. Leiarane har ulike oppgåver, men alle er tilgjengelege om det er elevar som treng råd/hjelp i ulike situasjonar.

Jessie Strand Fagervoll Rektor

Jessie.strand.fagervoll@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 02

Jørgen Ljoså Assisterande rektor 

jorgen.ljosa@mrfylke.no 

Tlf 71 28 12 03

Lidvard Lundanes Kvalitetssystemansvarleg

lidvar.lundanes@mrfylke.no    

Tlf 71 28 12 16

Ingeborg Busch Avdelingsleiar for merkantil

ingeborg.busch@mrfylke.no    

Tlf 71 28 12 07

Julianne Breivik Avdelingsleiar for bygg- og anleggsteknikk

Julianne.breivik@mrfylke.no   

Tlf. 71 28 12 10

Sissel Pilskog Brennholm Avdelingsleiar for design og handverk

sissel.pilskog.brennholm@mrfylke.no 

Tlf 71 28 12 12

Kjell Henriksen Avdelingsleiar for elektrofag

kjell.henriksen@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 11

Torhild Hagfonn Devold Avdelingsleiar for helse- og oppvekstfag

torhild.hagfonn.devold@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 06

Gunn Slemmen Avdelingsleiar drift 2 og Påbygging VG3 og VG4 

gunn.slemmen@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 13

Sissel Pilskog Brennholm Avdelingsleiar for restaurant og matfag

sissel.pilskog.brennholm@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 12

Rune Frøystad Avdelingsleiar for teknikk og industriell produksjon

rune.froystad@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 05

Geir Sandal Avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring (AO) og Elevteneste

geir.sandal@mrfylke.no      

Tlf 71 28 12 09

Trine Krohn-Dale Avdelingsleiar for særskilt tilrettelagt opplæring (ATO)

trine.krohn-dale@mrfylke.no  

Tlf 71 28 12 04

Wenche Muren Avdelingsleiar for BORK - Borgund vgs kompetansesenter

wenche.muren@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 14

Audun Askim Organisasjonsrettleiar

audun.askim@mrfylke.no

Tlf 71 28 12 15

KONTAKTLÆRAR: er eleven sin næraste kontaktperson i skolesituasjonen. Han/ho fylgjer opp den enkelte elev, informerer om viktige saker og koordinerer arbeidet i klassa og har kontakt med foreldre/føresette og kontaktar rådgjevar eller andre ved behov.

ELEVTENESTER 
RÅDGIVARTENESTE - Skolen har fem rådgivarar: Harald Jan Skarstein, Bodil Flø, Inger Hollingsæter, Liv Toril Amundsen og Ronny Guldstein. Rådgivarane held til på rådgivarkontora i avdeling for elevteneste. Trefftidene vert vist ved oppslag/Fronter.

Rådgivarane skal saman med kontaktlærarane vere til hjelp for elevane i spørsmål om fagval, studieval, yrkesval, samt sosiale vanskar som har samanheng med, eller gjer skolegangen vanskeleg. Rådgivarane samarbeider med PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og andre ved behov.

HYBELBUARKONTAKT - Marit Jørgenvåg koordinerer og har oppfølging av hybelbuarar -

NB: ikkje utleige av hyblar

SKOLEHELSETENESTE - Helsesøster har kontortid kvar dag på skolen utenom fredag i oddetal veke, sjå under Elever>Elevtenester>Helsesøsterteneste eller i Fronter om trefftider. Helsepersonell har teieplikt, slik at du som elev trygt kan vende deg til henne med ulike problem. Helsesøster har også nokre trefftider på Helsestasjon for ungdom.

OT – oppfølgingstenesta for Ålesund er lokalisert på Borgund vgs. OT skal gi råd til elevar som tenkjer på å slutte på skolen eller i lære, som ikkje har begynt i vidaregåande opplæring eller har slutta. OT har to tilsette. Eva Kristin Vestnes og Frank Inge Riise. Kontoret ligg i avdeling for Elevtenester.

BIBLIOTEK - Biblioteket ligg sentralt ved sida av kantina. Ellen Elise Lillestøl er bibliotekar. Ho er til stades kvar dag heile veka. På biblioteket kan du låne bøker, filmar, skrive på data og arbeide med oppgåver av ulike slag. Bibliotektenestene kan i tillegg til personleg oppmøte, nyttast gjennom fronter, heimesida vår og ved e-post til bibliotekaren. Biblioteket har ansvar for utlån av lærebøker.

DRIFT
TEKNISK DRIFT - Skolen har tre vaktmeistrar. Åge Humlen er driftsleiar. Vaktmeistrane står for dagleg drift, vedlikehald og stell av bygga og uteområda. Dei har tilsyn med ordensmannsordninga, som går på skift mellom klassene.

REINHALD - Reinhaldarane, saman med vaktmeistrane, legg vinn på at skolen vår skal vere rein og triveleg. Elevane har også ansvar for at skolen og skoleområdet ikkje vert forsøpla. Solveig Osdal er leiande reinhaldar.

KANTINE - Opningstidene vert vist ved oppslag. Janne Karin Engeseth er fagansvarleg for kantina.

Skolen har vassautomatar med kaldt vatn plassert rundt på skolen. Kantina sel flaskar som passar i automatane, elevane kan også ha med eigne flasker for påfylling.

IKT - Skolen har fire medarbeidarar som arbeider med IKT. Lidvard Lundanes er fagleg leiar. Du finn dei sentralt ved kantina.

MERKANTIL/KONTORTENESTE – Dersom du ikkje veit kven du skal spørje, vender du deg alltid til kontoret/resepsjonen. Både skyss og lånekasse, er oppgåver som ligg til merkantil avdeling.

SKOLEVAKT - Borgund vgs har eiga skolevakt. Skolevakta har bl.a til oppgåve å sjå til at dei som er på skolen, er elevar, tilsette eller besøkande. Alle bruker difor synleg legitimasjon.